torsdag 1. september 2011

 








                  Tid å hausta inn ( Hør Hauge leser diktet)



Desse milde soldagene i september.
Tid å hausta inn. Enno er det tuvor
med tytebær i skogen, njupone rodnar
langs steingardane, netene losnar,
og svarte klasar av bjønnbær skin i kjerri,
trasti leitar etter den siste vinbæri,
og kvefsen syg ut dei søte plomone.
I kveldingi set eg stigen burt og hengjer
laupen frå meg i skuret. Skrinne bredar
har alt ei tunn breidsle av nysnø.
Etter eg er lagd, høyrer eg dunk av brislingfiskarane,
dei gjeng ut. All natti veit eg dei glid
med sterke lyskastarar og leiter yver fjorden.


Olav H. Hauge


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar